Bli God Fysikalske

På Bli God Fysikalske arbeider Hildegunn, Linda Mari og Anna. Hildegunn har dei fleste administrative oppgåvene og er ei god hjelp for pasientane i treningssalen. Linda Mari og Anna er autoriserte fysioterapeutar. Begge terapeutane har driftsavtale med Bømlo kommune. Det inneber at pasienten betalar eigenandel inntil frikortgrensa er nådd. Pasientar under 16 år og personar med godkjent yrkesskade frå NAV får dekka alle utgifter ved behandling. 

Det er som regel noko ventetid for å komme til ved klinikken. Har du behov for å kome raskt i gang med behandling, eller har helseforsikring kan du ta kontakt med dei heilprivate terapeutane, dei har kortare ventetid. 


Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang